fredag 3. desember 2010

Hamlet

Spørsmålet er – å vere elle ikkje:
Om det gjer meir storsinnet å tole
ein hardhendt skjebnes kast og pilregn, enn
å ta til våpen mot eit hav av sorger,
og sløkkje dei i trass? Å sove, døy –
meir er det ikkje; si at søvnen sløkkjer
kvar hjertesorg og tusen ristingar
som kroppen arvar – ja, eit endelykt
vel verdt å drøyme om; å sove, døy.
Å sove, kanskje drøyme. Det er haka;
Daudens drøymer, følgjer daudens søvn
Når vi har snodd oss ut av livets skinn,
Og derfor stopper vi. Vi tenkjer over
og får eit langt liv i elende.
For kven kan tole verdens pryl og spott,
Tyrannars trykk og arrogant forakt,
Ein kjærleik som hånes, rettslig sommel,
Betente embetsmenn og alle spark
Som avskum langer ut mot han som teier,
Viss regnskapet kan slettes, gjørast opp
Med ein sløv dolk? Kven gadd å bære lasten,
Å slite livet ut med pust og pes
Viss ikkje angst for noe etter døden,
Eit ukjent land som ingen reisande
Kan vende heim frå, lamslo viljen vår,
Og gjorde at vi vel dagens nød
Og ikkje flyktar til den ukjente?
Bevisstheita gjer alle til kujoner;
Og dermed vil den resolutte glød
Lett bleikne under tankens gustne skinn,
Og verksemder som har kraft og meining
Vil bøye av og miste kravet på
Å kallast handling. – Rolig nå, min vakre
Og herlege Ofelia. – Husk å be
For alle mine synder.